I går var eg i Den norske bokbyen i Fjærland, der fann eg ei bok eg ikkje kunne gå forbi. Slikt vert det innlegg av.
Den norske bokbyen vart grunnlagd i Munndal i Fjærland i 1995. Dei baserer seg på gjenbruk både når det gjeld bøker og utsalshus. Dette gjer konseptet unikt, og det er vel verdt å ta seg ein tur innom og oppleva stemninga og finna bokskattar.
Bøker ein ikkje kan gå forbi
Det er dei beste bøkene, dei ein ikkje greier å gå forbi. I dette tilfellet heiter boka Nynorsk etymologisk ordbok av Alf Torp. Ho er frå 1963 og er akkurat passe sær og gamal. Her kjem eg nok til å finna mange ord du ikkje visste at du sakna.
Kva med å nytta ordet fjagla neste gong du skal kurtisera nokon? For kurtisera er jo eit ord du nyttar til dagen … Eller kvifor ikkje gleina (senda bistre blikk) på nokon neste gong dei irriterer deg?
Dette er nok ei bok du kjem til å høyra meir om på bloggen framover.
Ein unik stad
Som nemnt innleiingsvis, er Den norske bokbyen i Fjærland absolutt verdt eit besøk. I alle fall dersom du er over middels interessert i bøker. Reis på skattejakt du òg!
Heilt til slutt
Takk for at du var innom bloggen min i dag. Det er kjempekoseleg dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug