Har du nokon gong høyrt om månesjuke? Har du tenkt over kvifor det heiter måndag? Eller månad? Dagens innlegg tek føre seg ordet måne og korleis det har påverka utviklinga av språket vårt. (Veldig forenkla, altså, eg har ikkje tenkt å skriva noka bok om emnet).
Som sagt, skal eg ta føre meg ord og språk, altså etymologien til ordet måne, og litt om avleiingar frå det. Månen er den einaste naturlege satelitten som går rundt jorda vår. Ordet me nyttar i dag stammar frå det norrøne ordet máni. Me måler tida vår etter månesyklusen. Ein månad er om lag like lang som ein månesyklus. Det faste uttrykket «i ny og ne» viser til månefasane. Så lenge månen veks, er han i ny-fasen, medan han står i ne-fasen når han minkar og vert mindre. Uttrykket tyder «av og til».
Måndagar og annan galskap
Måndag tyder eigentleg «månedag», og var fram til den 1. januar 1973 rekna som den andre dagen i veka i Noreg. Då vart det bestemt at kalendarsystemet skulle følgja arbeidsveka. Det er rart å tenkja på at det er såpass kort tid sidan søndagen vart flytta frå først til sist i veka her i landet, i mange andre land er søndagen framleis den første dagen i veka. Før eg oppdaga dette, tenkte eg at det var noko veldig rart med amerikanske kalendarar, der søndagen alltid stod først i veka.
Månesjuke er eit ord som i stor grad har gått ut or språket vårt. Det var eit ord som vart nytta om psykiske endringar knytte til månesyklusen som enkelte opplevde. Nyare forsking har hinta om at folk flest søv dårlegare under fullmånen, og at det difor er noko i fenomenet. På engelsk nyttar dei ordet lunacy som kjem av det latinske ordet for måne, nemleg luna.
Varulvar, påske og tidevatn
Mytologiens varulv er eit menneske som skifter ham tre dagar rundt fullmånen, og forvandlar seg då til ein ulv. Dei får ein unaturleg styrke og vert galne. Resten av månaden er dei heilt vanlege menneske.
Det er kanskje ikkje så rart at slike myter har oppstått, når ein tenkjer på kor mykje anna som vert påverka av månen. Kvar fullmåne og nymåne, til dømes, er det springflo og springfjøre. Det vil seia at vatnet er på sitt høgaste og lågaste når månen, sola og jorda står om lag på linje. Dette skjer kvar full- og nymåne.
Nippflo og nippfjøre oppstår ved halvmåne når kreftene til sola og månen på tidevatnet motverkar kvarandre. Då er floa på sitt lågaste og fjøra på sitt høgaste.
Påska vert også fastlagd etter månen. Det er difor ho endrar seg frå år til år. Påskedagen vert feira på den første søndagen etter den første fullmånen etter vårjamdøgn.
Ordet menstruasjon kjem frå det latinske ordet mensis og ordet menisk tyder faktiskt «liten (halv)måne».
Heilt til slutt
Takk for at du har lese bloggen min i dag! Eg håpar du lærte noko du ikkje visste frå før. Kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen, eller legg att ein kommentar under her. Elles håpar eg at du får ein flott dag vidare!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug
Kjelder: Store norske leksikon, Wikipedia og Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona.