Språket vårt er i endring heile tida, men nokre gonger snik det seg inn direkte skrivefeil og skvisar ut den opprinnelege skrivemåten. Dersom du legg merke til det, kan det irritera vitet av deg. Berre prøv!
Det er jo som regel enkle og uskuldige ting, som ein ekstra bokstav her og der, slik som i ordet potensial, som i dei seinare åra nesten utan unnatak vert stava med ein ekstra e på slutten. Både ved skriftlege og munnlege høve. Potensial-e, seier folk. Eg er ikkje heilt sikker på kvar e-en kom frå i utgangspunktet, men no verkar det nesten uråd å verta kvitt han.
Forvirrande tal
Særleg i det siste har eg lagt merke til at norske aviser, magasin og elles folk som skriv anten for hand eller på data, har byrja å skriva tal med punktum inni. I staden for å skriva 1500, skriv dei 1.500. Og når det er snakk om større tal, set dei til og med punktum fleire stader, som 1.500.000 når det er snakk om ein og ein halv million. Den korrekte, og enklare, måten å skriva det på på norsk er 1 500 000. Me nyttar vanlegvis mellomrom i staden for punktum mellom tala. Dette er heller ingen skrivemåte me har plukka opp frå engelsk, sidan dei nyttar komma når dei skal skilja mellom tal: 1,500,000. Dersom det hadde vore desimalar (øre på norsk), ville dei ha skrive det slik: 1,500,00.60, medan me på norsk skriv det slik 1 500 000,60.
Kontinentale vanar
Etter det eg kan forstå er skrivemåten med punktum noko som er plukka opp frå Kontinentet (Fastlands-Europa med unnatak av Skandinavia og Storbritannia). Eg er litt usikker på kvifor denne skrivemåten har slege rot i Noreg, men det kan vera at han ser meir komplisert ut enn den vanlege? At me prøver å høyrast litt meir sofistikerte ut med ein kontinental skrivemåte?
Forvirrande er det i alle fall, og lukka til dersom du prøver å innføra kontinentale skrivemåtar i nettbanken din, det er mogleg han vert litt humørsjuk. Akkurat slik som eg når eg les i aviser eller nettsider.
Heilt til slutt
Dette var dagens hjartesukk, eg håpar det var til nytte for deg som er innom. Tusen takk for at du tok turen innom her i dag. Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller om du legg att ein kommentar til meg.
Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug
Eg blir òg humørsjuk avogtil når eg les avisartiklar, eller når eg les ei bok som eigentleg er god, men som inneheld nokre skrivefeil.