Hender det at du høyrer uttrykk som du ikkje heilt skjønar? Temaet i bloggen i dag er faste uttrykk.
Då eg var lita høyrde eg ofte at dei vaksne la til «so han sa» når dei hadde sagt noko. Eg heldt på å bli tullete fordi eg ikkje visste kven han der som sa alt var. Dei gongene eg spurde fekk eg til svar at «Hehe, det er no berre eit uttrykk». Det tok meg ganske lang tid å akseptera at det var akkurat det. Når dei vaksne sa «so han sa», meinte dei om lag det same som «heldt eg på å seia». Det var ein måte å ta spissen av det dei sa på.
Eg, i mitt einfelde, trudde det var ein kar som sat ein stad og sa veldig mange ting som folk stadig tok opp att . . .
Å hoppa etter kven?
Faste uttrykk veks fram nasjonalt og lokalt og kjem av at brukarane har ei felles kulturforståing . Ta til dømes uttrykk som «å hoppa etter Wirkola», som tyder at du skal ta over etter nokon som var veldig god i den rolla du skal ta over. Kong Harald skal ha nytta dette uttrykket om å ta over som konge etter far sin, Kong Olav.
Opprinneleg kom jo dette uttrykket til fordi skihopparen Bjørn Wirkola var fullstendig suveren på 60-talet. Ulike sportskommentatorar vitsa med at det ikkje var moro å hoppa etter Wirkola. Uttrykket voks og kan i dag nyttast om dei fleste livsområde.
Mange av dei faste uttrykka me nyttar har si rot i idretten – som «å ta over stafettpinnen» eller «ballen er rund».
Vêr og slikt
For nordmenn er det (i alle fall for vaksne) som regel enkelt å forstå kva uttrykka tyder. Dette er fordi dei byggjer på landet si felles kulturforståing.
Eit uttrykk som «mellom borken og veden» vil fortelja ein nordmann at du står overfor eit vanskeleg dilemma. For ein utlending vil det truleg ikkje gje noka meining i det heile. Det er difor slike uttrykk er så vanskelege å omsetja.
Ta til dømes «å ha vore ute ei vinternatt før». Ein nordmann vil med ein gong skjøna at denne personen «har vore i hardt vêr før» – vedkomande har altså erfaringar som gjer han rusta til å halda ut tunge opplevingar. Dette veit me fordi me er klar over at at å vera ute ei skikkeleg kald vinternatt i Noreg, krev vilje og instinkt til å overleva.
Ei høne?!
Om du tenkjer etter, er mest heile språket bygd opp av faste uttrykk. Sjølv om me veit kva folk meiner når dei nyttar desse uttrykka, er det ikkje alltid me veit korleis dei oppstod.
Ta uttrykket «har ei høne å plukka med deg» – då forstår eg jo at vedkomande er misnøgd med noko eg har sagt eller gjort og no vil han eller ho at me skal ordna opp. Anten med ein alvorsprat eller med ein slåstkamp. Men eg anar ikkje korleis uttrykket oppstod – kva som gjer det å plukka ei høne synonymt med å ordna opp i eit problem. Det er mogleg at det berre er snakk om grundig og tidkrevjande arbeid.
Det kan også vera at det tyder noko heilt anna.
Ugler er fine fuglar
Uttrykket «ugler i mosen», som fortel deg at du må vera på vakt, kjem frå det danske uttrykket «ulver i mosen» (ulver på myra), og oppstod visst i norsk språk fordi våre forfedrar ikkje forstod det danske språket, så dei fornorska det litt (litt slik som bokmål, eigentleg . . . Nei då, men det er ikkje alltid ein nynorskbrukar kan dy seg).
Eg har forresten høyrt at danskane har teke etter uttrykket vårt og no snakkar om ugler i mosen dei òg . . . Ulvane er nemleg utrydda i Danmark . . .
Språk er kompliserte greier, men det er moro å forska litt i det stundom.
Heilt til slutt
Takk for at du var innom bloggen min i dag! Eg håpar innlegget sette i gong nokre tankeprosessar rundt faste uttrykk du sjølv brukar.
Dette er nok eit tema eg kjem til å koma innom att seinare, så om du har kommentarar, vert eg veldig glad om du tek kontakt. Dersom du likte innlegget, er det kjempeflott om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar.
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug
Ein variant av uttrykket vart brukt i «The comedy of Errors» av William Shakespeare i 1592. Men då var det kråke i staden for høne. Så dette er skikkeleg gammalt. Finst det i det heile tatt nokon som kjenner opphavet? Kanskje det kjem av at å plukke høner (eller kråker) er eit så kjedeleg og tidkrevjande arbeid at då får ein iallfall anledning til å snakke ut med kvarandre.
Eg har ikkje funne noko opphav nokon stad, men det verkar som om mange funderer på om det kan vera det at jobben med å plukka ein fugl er så tidkrevjande at det er tid til å ta alvorspratar då.