Dei siste vekene har eg delvis nytta til å læra meg sjakk. Eg veit kva du tenkjer, akkurat det burde eg ha lært meg tidlegare, men det har eg ikkje. I dette høvet, har eg tenkt at me tek føre oss det faste uttrykket «å halda noko/nokon i sjakk».
Sjakkspelet har alltid vore litt gåtefullt i mine auge. Visuelt sett er det jo flott, det rutete brettet, dei fine, utskårne figurane, det litt høgtidlege med det heile. Spelet oppstod truleg i Asia på 600-talet og kom til Europa via arabarane. Dagens spelereglar oppstod sannsynlegvis i Spania på 1400-talet.
Forvirrande greier
At sjakken har vore ein viktig del av dagleglivet til mange folk, er tydeleg i språket vårt. Me snakkar til dømes om sjakkruta golv eller klede. Noko som er ganske enkelt å tenkja seg fram til opphavet til. Men så har du uttrykk som «å halda i sjakk», der meininga ikkje er like rett fram.
Når eg seier at eg har lært meg sjakk, meiner eg at eg har lært meg grunnreglane. Eg veit no korleis ein har lov til å flytta dei ulike brikkene og nokre få av dei grunnleggjande reglane for sjølve spelinga. Eg har tapt kvar einaste gong eg har spelt, og framstega mine er nok avgrensa til at eg etter kvart har forstått korleis eg har tapt. I byrjinga var det noko uklårt.
Pass på kongen
Attende til det å halda noko i sjakk. Eg har alltid hatt ei viss peiling på kva det tyder. Når du held noko i sjakk, held du det under kontroll, men eg har aldri heilt forstått opphavet til det, sidan eg ikkje har kunna sjakk. No veit eg at den viktigaste brikka i sjakkspelet er kongen, dersom du mister kongen, har du tapt. Alle dei andre brikkene er til for å verna om kongen.
For å setja nokon i sjakk, må du setja fast kongen deira. Når nokon seier «Sjakk», vil det seia at dei er eitt trekk unna å slå ut kongen din. Då har du ikkje anna råd enn å flytta kongen, eller setja ei anna brikke i mellom i neste trekk. Når nokon seier «Sjakkmatt», er det fordi dei har sett deg heilt fast, du kan ikkje parera trusselen mot kongen, og har difor tapt. Akkurat dette har eg aldri opplevd (å slå nokon i sjakk), men eg må innrøma at eg vart skammeleg stolt første gongen (den einaste gongen, får eg vel leggja til) eg greidde å setja nokon i sjakk . . .
Vil du verkeleg halda det i sjakk?
Attende til språket. Eg er nok ikkje den einaste som har ei litt uklår oppfatting av opphavet til dette faste uttrykket. Folk seier til dømes at «dei held helsa i sjakk» eller «held kroppen i sjakk» med medisinar, kosthald eller trimming. Men om ein skal vera pirkete, er det å setja noko i sjakk ein negativ ting. Det er noko ein motstandar gjer. Dersom du held helsa i sjakk, vil det seia at du gjer ditt beste for å halda ho på eit så lågt nivå som mogleg. Dersom du held kroppen i sjakk, prøver du å halda han nede så godt som du berre kan.
Noko å tenkja på neste gong ein sleng rundt seg med faste uttrykk.
Heilt til slutt
Takk for at du var innom bloggen i dag! Dersom du likte innlegget eller det var til nytte for deg, vert eg veldig glad om du trykkjer på dele- eller likeknappen under, eller om du legg att ein kommentar. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug
Kjelde: Wikipedia