Det er grammatikkdag i dag på bloggen. For ei tid attende skreiv eg eit innlegg om bøying av hankjønnssubstantiv (som du finn her). I dag skal me sjå på bøying av hokjønnssubstantiv.
Som nemnt tidlegare finst det fire former ein kan bøya eit substantiv i – eintal – ubunden/ubestemd, eintal – bunden/bestemd, fleirtal – ubunden/ubestemd og fleirtal – bunden/bestemd.
Dei vanlege
Eit hokjønnssubstantiv vil vanlegvis oppføra seg på denne måten når det vert bøyd:
Eint., ubun. Eint., bun. Fl.t., ubun. Fl.t., bun.
Katte Katta Katter Kattene
Ver merksam på at ordet kan bøyast som hankjønn òg, då som katt.
Dette kan du prøva med fleire ord som t.d. sak, dame, veske, kone osv.
-ing-orda
Men alle hokjønnssubstantiv oppfører seg ikkje slik. Me har blant anna nokre hokjønnsord som endar på –ing, og dei oppfører seg annleis:
Eint., ubun. Eint., bun. Fl.t., ubun. Fl.t., bun.
Rundkøyring Rundkøyringa Rundkøyringar Rundkøyringane
Prøv sjølv med ord som opning, melding, dronning osv. Du vil sjå at desse får endingane –ar og-ane i fleirtal.
Dei valfrie
For å gjera det endå meir innvikla, finst det hokjønnsord med valfrie endingar i fleirtal:
Eint., ubun. Eint., bun. Fl.t., ubun. Fl.t., bun.
Elv Elva Elvar/er Elvane/ene
Andre døme på slike ord er helg, myr, reim, merr osv.
Dei du bør pugga
Til slutt har me tre hokjønnsord som du bør leggja merke til og læra deg. Elles er det veldig lett å bøya desse feil i ubunden fleirtalsform. Desse tre substantiva er:
Eint., ubun. Eint., bun. Fl.t., ubun. Fl.t., bun.
Mor Mora Mødrer Mødrene
Syster Systera Systrer Systrene
Dotter Dottera Døtrer Døtrene
Desse tre strevar eg med sjølv. Eg har alltid lyst til å kutta ut r-en på slutten av ubunden form fleirtal.
Heilt til slutt
Eg håpar du fekk nytte av dagens innlegg! Veldig koseleg at du er innom bloggen! Dersom du sette pris på innlegget, er det supert om du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg. Eg vert veldig glad!
Elles ynskjer eg deg ein fantastisk flott dag vidare!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug