No har eg drive og blogga i eit år allereie, og det er på tide med eit lite attendeblikk. Tida har gått fort. I byrjinga tykte eg at det å leggja ut eit innlegg var noko av det skumlaste eg kunne gjera, men no er terskelen låg.
Gjennom året som har gått har eg for det meste teke føre meg tema som har med tekst, språk og skriving å gjera, og det har vore artig å finna nye tema og å prøva å vinkla det på ein måte som gjer det interssant å lesa.
For det er det som er målet – å gjera bloggen til ei interessant oppleving når du er innom her. At du plukkar opp noko du kanskje ikkje visste frå før, eller at du vert inspirert til å gjera noko du har lyst til å gjera.
I mai i fjor skreiv eg om kommunikasjon og prøvde å berga ordspråket til Kongen, det kan du lesa om her.
I juni skreiv eg om fordomar, retorikk og skrivetips. Juli var tida for enno/endå og perspektiv.
I august tok eg føre meg førebilete og logos. September var tida for å drita i det. I oktober stod skrivefeil og patos i fokus. I november var me innom rettskriving og for lite brukte ord.
Desember tok føre seg jul, nyttår og tradisjonar. På nyåret gjekk me gjennom akronym, eufemismar og førsteinntrykk.
Februar baud på å setja seg mål, ord, uttrykk og grammatikk. Den første vårmånaden var fylt med skriving av pressemelding, faste uttrykk og nokre bokmeldingar til påsketida. I april slo me eit slag for føremiddagsmaten. Og då er me rundt.
Håpar du har hatt ei fin reise med meg dette året. Eg har i alle fall tykt at det er stas å skriva desse epistlane om ting eg grublar på. Dersom du har nokre tips til meg om tema eg kan ta opp eller elles har nokre kommentarar, vert eg veldig glad dersom du legg att ein kommentar til meg under. Som alltid vert eg glad for at du trykkjer på like- eller deleknappen.
Takk for følgjet dette første året, og takk for at du stakk innom i dag!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug
Hipp hipp hurra!!
😀
Gratulerer! Du har ein interessant og morosam blogg, tykkjer eg Feir med kake og brus!!
Takk for det! Feiring lyt til 😉