Inspirert av diverse nettdebattar og avisinnlegg, har eg i dag laga mitt eige oversyn over nokre skrivefeil du kan vera på vakt mot. Eg har rangert dei i tilfeldig rekkjefølgje.
Det er ikkje tvil om at språk engasjerer og skrivefeil irriterer. Men berre når du veit kva som er rett. Norsk, som dei fleste andre språk, er vanskeleg. Her er nokre tips om vanlege skrivefeil og korleis du kan unngå dei.
- Blanda bruken av «også» og «og så». Nei, du kan ikkje nytta dei om eit anna. Ja, det er ein skilnad på dei. Desse kjem i same kategorien som «altfor» og «alt for», som du finn eit innlegg om her.
Ein hugseregel her er at «også» kan bytast ut med «òg». Du nyttar det når du skal forklara at noko er i tillegg til. Til dømes: «Veslebroren ville også vera med». Eit anna døme er: «Også Are likte musikken», dersom du skal byta ut med «òg» her, må du endra ordstillinga til «Are likte musikken òg».
«Og så», derimot, brukar du når du meiner «deretter skjedde dette». Dersom du til dømes skriv «Og så likte Are musikken», føreset det at noko skjedde i førekant som gjer at Are liker musikken no. Han gjorde det ikkje før.
Dersom du legg desse hugsereglane på minnet, vil det hjelpa deg når du er i tvil om kva uttrykk du skal velja.
- Feilstaving av ord.
- Døme på ord det er vanleg å stava feil er: blant (blandt), potensial (potensiale), uttrykk (utrykk), dessverre (desverre), sjeldan (skjeldan), interessant (interesant), nysgjerrig (nyskjerrig), om lag (omlag), an (ann), original (orginal), vondt (vont), misforstå (missforstå), arbeidsam (arbeidssam), areal (areale), parentes (parantes),osv.
Lista er lang. For ordens skuld: Rett stavemåte står først, feil står i parentes.
- Blanding av uttrykka «ovanfor» og «overfor».
- Dersom nokon til dømes sit på ein stol på hi sida av bordet og stirer deg inn i augo – då sit vedkomande «overfor» deg.
Dersom same person reint fysisk sit over deg, i eit tre eller liknande, sit vedkomande «ovanfor» deg. Politiet kan stå «overfor» ei sak, du kan bli beden om å svara på spørsmåla «ovanfor» i boka.
Når noko bokstavleg tala er over noko anna eller er nemnt tidlegare i ein tekst, nyttar du «ovanfor». Når noko er ved sidan av, framfor eller i høve til noko, nyttar du «overfor».
- Å skriva titlar og overskrifter etter engelske skrivereglar – stor bokstav i kvart ord. Døme på dette er «Det Kvite Hus», som på norsk skal skrivast «Det kvite hus» (berre stor bokstav i det første ordet), «Den Store Dagen» (Den store dagen), osv.
- Diverse ordelingar: Fårikål (ikkje får-i-kål), sommarferie (ikkje sommar ferie), norsklærar (ikkje norsk lærar, med mindre du snakkar om ein lærar som er norsk), fiskestang (ikkje fiske stang, med mindre du skal fiska ei stang), osv.
Det var ei lita liste over vanlege grammatiske feil ein kan gjera. Det er mange fleire, så det kan henda du har andre forslag. Då er det berre å skriva ein kommentar under her. Dersom du likte og hadde nytte av innlegget, er det flott om du trykkjer på like- eller deleknappen under. Elles ynskjer eg deg ein strålande dag!
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug