Det aller beste skrivetipset du nokon gong kan få er dette: «Ingen har lyst til å lesa skiten din».
Eg forstår at det kan høyrast litt merkeleg ut, så eg skal prøva å forklara det litt nærare. Dette innlegget er til ære for ein av dei absolutte favorittane mine innan «folk som skriv om skriving»-sjangeren, nemleg Steven Pressfield.
Lat egoet kvila
Han har nyleg kome ut med ei ny bok om skriving, og ho har den passande tittelen (som eg så skamlaust har stole) Nobody Wants to Read your Shit. Pressfield tek her opp noko han lærte då han jobba med annonseskriving innan marknadsføring. Folk har betre ting å gjera enn å lesa det du skriv, så dersom du vil at dei skal lesa det, må du gjera det så tydeleg, inspirerande og underhaldande som du kan. Og kort. Så kort som mogleg. Du skriv ikkje til deg sjølv, med mindre du skriv i dagboka di, så difor må du setja deg inn i lesaren sitt perspektiv før du byrjar å skriva.
Den viktige lesaren
Dette var noko eg prøvde å læra vekk då eg jobba som lærar og fortalde elevane mine at «Eg vurderer dykk ikkje utifrå det de kan, men utifrå det de viser meg at de kan». Det er ein skilnad der. Du må alltid tenkja etter kva lesaren er oppteken av (dersom der er snakk om ein lærar har du sannsynlegvis fått retningsliner på førehand). Truleg gjer du dette dagleg på sosiale medier. Det er rart at me tenkjer meir på å vera tydelege og engasjerande når med oppdaterer Facebook-profilen vår enn når me skriv ein lengre tekst.
Det er i alle fall noko å tenkja på. Eg skal fortsetja å kosa meg med boka til Steven Pressfield, og er viss på at fleire gullkorn dukkar opp.
Heilt til slutt
Takk til deg for at du tok turen innom bloggen min i dag! Eg set stor pris på det, og vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under eller legg att ein kommentar til meg dersom du las noko du likte. Eg vert, som dei fleste andre, glad når nokon les skiten min…
Me snakkast!
Klem,
Rønnaug