Hender det at du tenkjer gjennom kva som gjer ei historie spennande å lesa? Eller ein film spennande å sjå, for den saks skuld?
Me trur ofte at det har med handlinga å gjera. Dersom det er eit spennande plot, så er det spennande å følgja med. Dette er eg heilt samd i, men for at handlinga skal framstå som truverdig, er det viktig at ho samsvarar med personane som utfører henne, dei såkalla karakterane. Som tilskodar må me greia å tru på at karakteren, slik me kjenner han, faktisk vil handla på den måten plottet utspelar seg.
Folk er folk
Menneske er mest interesserte i andre menneske. Dette er noko forfattarar har bite seg merke i. Då Ibsen ein gong vart spurd om kvifor hovudpersonen i Et dukkehjem vart heitande akkurat Nora, skal han ha sagt noko slikt som at «Ho heiter eigentleg Eleonora, men dei kalla henne berre Nora som barn». Sjølv om me får skildra berre nokre timar av livet til Nora i skodespelet, kjende Ibsen til heile livshistoria hennar.
Det seier litt om kor mykje arbeid som ligg bak det å utvikla ein truverdig karakter, og skriva ei fengjande historie. Eit godt tips å ta med seg dersom du sjølv syslar med skriving eller berre likar å lesa.
Heilt til slutt
Det vart eit kort innlegg i dag, for å koma i gong att med blogginga. Eg tykkjer det er inspirerande å høyra om korleis andre går fram når dei skriv, og det håpar eg du gjer òg.
Eg er veldig takksam for at du er innom bloggen min i dag. Dersom du likte innlegget, og kanskje vart litt inspirert, vert eg glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen under, eller legg att ein kommentar til meg.
Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast.
Klem,
Rønnaug