Er det ikkje fantastisk korleis me set saman ord på norsk? I overskrifta mi denne gongen har eg sett saman fire ulike ord til eitt!
Samansette ord er sette saman av fleire sjølvstendige ord til eitt. Som regel har me ikkje bindestrek eller mellomrom mellom dei. Det finst likevel unnatak, desse kallar me særskrivingar og viser til ord/uttrykk som av garde, etter kvart, for så vidt osv…Ord som høyrer i lag, men som likevel ikkje vert skrivne i eitt.
Overskrifta mi viser til at eg i dag har valt å fokusera meir på bileta enn på sjølve teksten.
Takk for at du var innom her i dag! Eg vert veldig glad dersom du trykkjer på like- eller deleknappen! Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare!
«Eg anar ikkje, men dei såg ut som ein heil skokk!»
Om lag
Skokk er eit ord som eg ikkje kan hugsa at eg ikkje har nytta. Eg må likevel innrøma at det er blant dei orda som eg har hatt eit «om lag»-samband til. Om lag i den meining at eg berre til ei viss grad har forstått kva det tyder. Eg har tenkt på det som ein flokk. På same måten som hop og horg. Det er snakk om ei røys med folk, dyr eller kva som helst anna, men eg har aldri trudd at ein skokk kan talfestast nøyaktig. Men det går altså an.
Schock
Ordet kjem frå det lågtyske ordet schock, som tyder «seksti». Skokk er ei gamal måleeining, og når det er snakk om ein skokk, er det snakk om seksti stykk. For å gjera det endå meir tydeleg, kan skokk delast opp i tre snes. Snes vil altså seia tjue stykk.
Finn ein pinne og træ dei på…
Snes kjem frå det norrøne ordet sneis, som tyder «pinne», og viser til kor mange av noko du kan træ på ein pinne. Eg vil jo tru at dei hadde ei ordning for kva storleik denne pinnen skulle vera av, etter kva som skulle festast på han, men dette har eg ikkje undersøkt nærare.
Tylft
Ein skokk kan også delast inn i fem dusin. Det vil altså seia at eit dusin er tolv stykk. Ti dusin vert kalla eit storhundre (120) og tolv dusin er eit gross (144). Ein kan også byta ut ordet dusin med tylft.
I dagegtala nyttar dei fleste i dag ordet skokk som ein ikkje-talfesta flokk, og eg tvilar på at denne kunnskapen vil føra til at den indre pedanten vaknar i meg sjølv eller andre, og at me neste gong me høyrer ordet skokk, hyver oss rundt og tek ei oppteljing. «Femtifire – femtifem . . . og der er ein til . . . Nei, du, du tek feil! Det der er ikkje ein skokk!»
Heilt til slutt
Tusen takk for at du var innom bloggen min i dag. Dersom du likte det du las, eller kanskje lærte noko nytt, legg gjerne att ein kommentar eller trykk på like- eller deleknappen under.
Elles ynskjer eg deg ein strålande dag vidare! Me snakkast!